Fagskulars kvalitetsarbeid balanserer omsyn til reglar og lokale behov

På oppdrag frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har NIFU gjennomført ei kartlegging og analyse av kvalitetsarbeid i høgare yrkesfagleg utdanning.

Kvalitetsarbeid i høgare yrkesfagleg utdanning handlar både om korleis fagskulane navigerer i regler for å lage hensiktsmessige system, og korleis dei brukar sine særtrekk kva gjeld fagområde og storleik for å skape god utdanningskvalitet og kvalitetskultur. Difor er også kvalitetsarbeidet ved ulike fagskular variert.

Studien skal bidra til auka kunnskap om korleis fagskulane jobbar med utdanningskvalitet og kvalitetssikring, samt kartleggje utfordringar og suksessfaktorar i dette arbeidet. Studien analyserer vidare fagskulanes kvalitetsarbeid i lys av sentrale, strukturelle trekk i sektoren. 

Dei viktigaste funna i rapporten:

  • Kvalitetssikringssystema er ofte omfattande, og regelverkstyrt. Det formelle kvalitetsarbeidet ved fagskulane er i stor grad styrt av regelverk. Mange fagskular, særleg dei større, har utvikla system som er både ressurskrevjande og systemtunge. Samstundes opplever fleire at dei har bygd opp modne system dei har eigarskap til, og som gir struktur og oversikt i kvalitetsarbeidet.
  • Ulike tilnærmingar og stor variasjon i systema. Studien viser stor variasjon i korleis fagskulane jobbar med utdanningskvalitet. Den viser særleg eit skilje mellom «generiske» kvalitetssystem og meir «utdanningsnære» system som er tettare knytte til den konkrete utdanningsverksemda. Val av system heng ofte saman med fagområde, institusjonell storleik og om fagskulen er underlagt anna regelverk eller tilsyn i tillegg til NOKUT.
  • Strategiar for kvalitet varierer i nivå og innhald. Fagskulane arbeider strategisk med kvalitet både gjennom mål for den enkelte utdanning og gjennom prioriteringar i utviklingsarbeidet. Mange legg vekt på å styrkje læringsmiljø, vidareutvikle utdanningane og byggje pedagogisk og digital kompetanse i fagmiljøa. Samarbeid – særleg mellom fagskular – blir også trekt fram som eit viktig strategisk grep.
  • Fagmiljøa er sentrale, men kvalitetskulturen er sårbar. Tilsette spelar ei nøkkelrolle i kvalitetsarbeidet, men rapporten viser at mykje fagleg utviklingsarbeid ikkje alltid er synleg i dei formelle kvalitetssystema. Manglande eller lite eigna møteplassar kan svekkje arbeidet med å byggje ein felles kvalitetskultur, særleg ved mindre eller svært desentraliserte fagmiljø.
  • Student- og arbeidslivsinvolvering gjev både moglegheiter og utfordringar. Alle fagskulane har ordningar for studentmedverknad, men både skular og studentar peikar på lågt engasjement som ei gjennomgåande utfordring. Samstundes viser rapporten at tett dialog mellom leiing og studenttillitsvalde, og nært samarbeid med arbeidslivet gjennom fagråd, kan vere viktige suksessfaktorar for kvalitetsutvikling.

Rapporten peikar avslutningsvis på fleire dilemma i kvalitetsarbeidet, mellom anna knytte til sektorens store variasjon og eitt felles regelverk for svært ulike fagskular. 

Funna frå arbeidet skal både bidra til fagskulanes eige arbeid og informere NOKUTs arbeid med å vidareutvikle den eksterne kvalitetssikringa av høgare yrkesfagleg utdanning. Studien byggjer på ei kvalitativ spørjeundersøking til alle norske fagskular, dokumentanalysar og intervju med informantar frå utvalde fagskular, samt gjenbruk av data.

«System og kvalitet: Kvalitetsarbeid i høgare yrkesfagleg utdanning» (NIFU-rapport 2026:8)

For meir informasjon, kontakt:
Jon Furholt, forskar 2 
957 58 534 
jon.furholt@nifu.no