NHOs Kompetansebarometer 2025: Strategisk arbeid med kompetanseheving

Mange bedrifter opplever at dei har eit høgt udekt kompetansebehov. Samstundes er bedriftenes arbeid med kompetanseheving svært utbreitt, og fleire jobbar strategisk og systematisk med kompetansehevinga.

Ein føresetnad for eit velfungerande arbeidsliv er at bedrifter og verksemder har tilgang på kompetanse og kvalifisert arbeidskraft. Desse behova varierer stort mellom ulike verksemder, og kjem ulikt til uttrykk i ulike bransjar og sektorar.

NHOs Kompetansebarometer gjev eit bilete på korleis kompetansebehovet i denne delen av arbeidslivet ser ut og utviklar seg over tid. Undersøkinga av kompetansebehovet til Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) sine medlemsbedrifter, har vore gjennomført kvart år sidan 2014.

Mangel på kvalifisert arbeidskraft i norsk arbeidsliv er ei utfordring som vi kan forvente at blir større i framtida. Dette er ein kombinasjon av at andelen av folket som er i yrkesaktiv alder vil gå ned, og at norsk arbeidsliv vil ha fleire oppgåver å løyse i den same perioden.

NIFUs rapport viser at det udekte kompetansebehovet i NHO-bedriftene er vedvarande høgt, sjølv om nivået er noko lågare enn dei siste åra. Seks av ti bedrifter opplever i nokon eller stor grad eit udekt behov. Dette varierer samstundes mellom bransjar, storleik og geografi: Særleg bedrifter innan utgjeving og kringkasting, industri, bygg og anlegg, og overnatting og servering har dei høgaste andelane, medan bedrifter innan utvinning og bergverk, finansiell tenesteyting og eigedomsverksemd ligg lågare enn gjennomsnittet.

Årets undersøking gjer eit djupdykk i etter- og vidareutdanning, og bedriftenes arbeid med kompetanseheving. Kompetanseheving er svært utbreidd og spelar ei strategisk rolle for mange bedrifter: Sjølv om åtte av ti meiner at kompetansehevinga dei tilbyr i nokon eller stor grad er tilstrekkeleg for å dekkje kompetansebehovet, er det like mange som ønskjer å tilby meir. Heile éi av tre bedrifter tilbyr kompetanseheving som ikkje er direkte knytt til arbeidsoppgåvene i bedrifta, og mellom fire og fem av ti bedrifter bruker kompetanseheving for å halde på eller tiltrekkje seg arbeidskraft.

Bedrifter som arbeider systematisk og langsiktig med kompetanseheving ser oftare at kompetansehevinga faktisk dekkjer kompetansebehovet, og rapporterer oftare om at dei ønskjer å tilby meir enn i dag og sjeldnare at kostnader er eit hinder.

Det finst også fleire hinder mot kompetanseheving: Tilsettes manglande motivasjon for å delta er det mest utbreidde, men mange peikar også på utfordringar med tilrettelegging for å kombinere jobb og utdanning, kostnader, og manglande oversikt over etter- og vidareutdanningstilbod.

«Kompetanseheving som tiltak og strategi: Innsikter frå NHOs Kompetansebarometer 2025» (NIFU-rapport 2026:4)

Du kan også finne alle resultata her: http://kb.nifu.no

For mer informasjon, kontakt:
Jon Furholt, forskar 2
957 58 534
jon.furholt@nifu.no