Fortsatt høyt kompetansebehov blant NHOs medlemsbedrifter

Ei ny utgåve av NHOs Kompetansebarometer viser eit vedvarande høgt udekt kompetansebehov blant NHOs medlemsbedrifter. Samtidig gjev rapporten også eit samansett bilete av verksemder som jobbar på mange måtar for å dekkje behovet sitt.

Sidan den fyrste kartlegginga i 2014 har NHO årleg gjennomført ein undersøking for å forstå behovet for kompetanse blant medlemsbedriftene. Årets rapport, den tiande i rekka, inneheld data frå 3179 verksemder og avdekker fleire interessante trendar.

– Eit auka behov for kompetanseheving er tydeleg, med 62 prosent av verksemdene som rapporterer om eit visst nivå av udekt kompetansebehov, forteller forsker ved NIFU Jon Furholt. 

– Sjølv om dette talet er noko lågare samanlikna med dei to føregåande åra, peikar det på ei vedvarande problemstilling i denne delen av næringslivet. Særleg store verksemder ser ut til å ha hatt ein nedgang i behovet, medan mindre bedrifter held seg relativt stabile.

Mønsteret av udekte behov varierer frå bransje til bransje. Handverksfag og ingeniør- og tekniske fag er framleis høgt etterspurde og er uttrykk kva verksemder som inngår i undersøkinga. IKT-kompetanse blir derimot stadig viktigare på tvers av bransjar, særleg med tanke på kunstig intelligens og digital sikkerheit.

Geografisk sett er det også interessante skilnader. Verksemder i mindre sentrale område har større behov for fagfolk med yrkesfagleg utdanning, medan dei største behova for høgare utdanning er i dei mest sentrale strøka. 

Ei av dei største utfordringane for verksemdene er å rekruttere rett arbeidskraft og særleg å få kvalifiserte søkjarar. Dette heng samstundes saman med korleis verksemdene jobbar med kompetanse blant dei tilsette og med behovet for kompetanseheving. Uformell opplæring på arbeidsplassen og ulike former for kurs er blant dei viktigaste kjeldene til kompetanseheving, men mange av verksemdene i undersøkinga har tilsette også i formell utdanning, og særleg i vidaregåande fag- og yrkesopplæring. Tilsettes motivasjon, kostnader og tilgang til relevante tilbod vert imidlertid peikt på som hinder for etter- og vidareutdanning.

Særleg interessant er funna knytt til IKT-kompetanse og kunstig intelligens. I overkant av éin av tre verksemder rapporterer om eit udekt behov for IKT-kompetanse, særleg innan område som kunstig intelligens, digital sikkerheit og samarbeid på digitale plattformer. Dette indikerer ein aukande trend der bedrifter ser behovet for å tilpasse seg den stadig meir digitaliserte arbeidsmarknaden, men kor kunstig intelligens har blitt allment tilgjengeleg på ein ny måte.

Rapporten avdekker også at forventingane til kunstig intelligens ikkje alltid samsvarar med dagens kompetansenivå. Mange verksemder har forventningar til kva kunstig intelligens vil seie for vekst, konkurranseevne og oppgåver, men relativt få har implementert slike verktøy i dag og mange seier at dei ikkje har kompetansen til å gjere det.

NHOs Kompetansebarometer er ei viktig puslespelbrikke i eit større bilete på kompetansebehova i samfunnet. På den måten er rapporten ei viktig kjelde for diskusjonar om kompetanse- og arbeidslivspolitikk.

Rapporten, utarbeidd av NIFU på oppdrag frå NHO, vart offentleggjort under eit lanseringsseminar på Høyskolen Kristiania 14. februar.

«NHOs kompetansebarometer 2023: Ei kartlegging av kompetansebehovet til NHOs medlemsbedrifter i 2023» (2024:3)

For mer informasjon, kontakt:
Jon Furholt, forsker 2
957 58 534 
jon.furholt@nifu.no